Jabberwocky Variations
Home : Translations : Dromeparden


Dromeparden

Zinken Hopp

Det lo°ystra. Lanke lågmælt sjor
hang darme frå det tarve lap.
So stige låg den rumse kor
i sovepaskens gap.

«For Dromeparden du deg akt,
min djerve son! Med ilske klo°r
fyk Starefuglen ut på jakt
i bygdene mot so°r.»

Sitt virpe sverd han spende fast
um midja som var mjuk og mjas.
Han kvilde under Burketrast
og leistene han las.

Og som han låg i bakkeheld,
ein Dromepard frå dolme skog
kom fregande med augeeld
og spuldra der han drog.

Fram kongsmenn! Fram med snipedov!
Det virpe-verje hogg og stakk.
Han skar det ramse hovud av,
og galdre-blodet drakk.

«Min gjæve son som slo i hel
ein Dromepard frå Råme-land!
Å, gledesdag! Å, nott so sæl
då du vart Snjoskens banemann!»

Det lo°ystra. Lanke lågmælt sjor
hang darme frå det tarve lap.
So stige låg den rumse kor
i sovepaskens gap.


Written in 1946.

o° = o, ring


< Prev  Next >
Home : Translations : Dromeparden

Jabberwocky Variations   http://pobox.com/~keithlim/jabberwocky/   keithlim@pobox.com